Kyrkjeboka, også kalla ministerialboka, er ei viktig samtidskjelde. Dette er embetsbok for kvart prestegjeld eller kyrkjesokn med opplysningar om kyrkjelege handlingar. I løpet av 1700-tallet, gjerne etter dei første par–tre tiåra, får vi ei landsomfattande skriftleg kjelde om dødsfall. Det finst rett nok oppbevart nokre få eldre kyrkjebøker i enkelte sokn, og den eldste bevarte norske kyrkjeboka er frå Andebu i Vestfold frå 1624. Men desse eldste bøkene gir nesten ingen opplysningar om dødsfall. I eit nytt kyrkjeritual frå 1688 vart det for første gong fastsett registrering av gravferder, men det tok lang tid før kyrkjeboka vart ført på nokolunde systematisk måte (i motsetning til Sverige som heilt frå 1648 inneheldt meir informasjon).
   Etter kvart som kyrkjeboka vart meir vanleg, reknar vi med å finne opplysningar om blant anna dødsårsak. Men ei systematisk registrering finst sjeldan, og mangel på skriftleg kjelde for dødsårsak i kyrkjebok, iallfall for 1700-tallet, utelukkar ikkje noko som helst. Innførsel om dødsårsak vart meir alminneleg frå tidleg på 1800-talet, og i 1820 kom endeleg eit reskript med påbod om dødsårsak dersom ein person døde av smittsam sjukdom eller ved ulykke. Frå 1812 vart det dessutan obligatorisk at klokkaren også førte ei bok etter same mønster som presten. Ordninga gjaldt til 1820, men klokkarboka vart mange stader vidareført. Frå tidlig på 1800-talet gir altså kyrkjebøker og klokkarbøker ofte opplysningar om dødsfall.

Les mer her

 

Ulv